Menu
Fast (100%)

Fjellseljar Vinter

Bli med og bygg framtidas bærekraftige fjellturisme!

Mountains of Norway er eit samarbeid mellom Nasjonalparkriket, Visit Valdres og Visit Geilo. Vår jobb er å styrke opplevingsturismen i fjellheimen på vegne av medlemmane våre, gjennom å utvikle og selje fjellopplevingar til internasjonale turoperatørar som sender framtidas aktive gjester til fjells. Vi jobbar på vegne av heile verdikjeda i reiselivet, og Tyskland, Sveits, Austerrike, Nederland, Belgia, Sverige og England er våre primærmarknader. Verksemda har p.t. 2 tilsette, som jobbar med sal eller salsutløysande tiltak som visningsturar og produktutvikling. Vil du vera med på laget?

Kontaktperson
View over Vindhella.jpg
Snowcoach and  peak Uranostind.jpg (1)

Om stillinga

1.Kort oppsummert

I rolla som Fjellseljar Vinter er du hovudansvarleg for å leie og koordinere sals- og produktutviklingsarbeidet for vintersesongen.

2.Marknadsutvikling

Ein stor del av jobben handlar om å skape interesse for fjellregionen, og sørge for at turoperatørane blir kjent med alle moglegheitene i fjella våre. 

3.Skreddarsaum

One size does not fit all. Som fjellseljar bistår du turoperatørar og medlemmar med å skreddersy opplevingar til ulike målgrupper.

4.Visningsturar

Visningsturar er eit avgjerande tiltak for å utløyse sal. Du planlegg og koordinerer alle digitale og fysiske visningsturar i vintersesongen.

5.Møter, messer og workshops

Salsutløysande kunnskap haustast ofte over ein kopp kaffi. Du må difor pårekne noko reising for å møte turoperatørane på deira heimebane, sjølv om mykje av jobben gjerast over nett.

6.Medlemspleie og rådgjeving

Som fjellseljar får du eit unikt innblikk i kva som rører seg ute i marknadane, og denne kunnskapen nyttar og deler du til det beste for medlemmane.

7.Teamarbeid

Mange arbeidsoppgåver løyser me saman i Mountains of Norway, til dømes samlingar for våre medlemmar og større prosjekt.

Kven er du?
SCO_17.4.18_12258.jpg
Bakgrunn og utdanning Du er utdanna og/eller har relevant erfaring innanfor reiseliv, sal eller kommunikasjon og marknadsføring. Du pratar og skriv både norsk og engelsk utan problem, uansett om det er detaljerte turbeskrivingar eller joviale funfacts du skal servere. Andre språk er ein bonus, men ikkje avgjerande.
untitled-152.jpg
Personlege eigenskapar Fyrste bod er at du er oppriktig glad i fjellet, men du bør trivast (nesten) like godt på tynn is som på solid grunnfjell. Du er flink til å systematisere, planlegge og vera eit steg i forvegen, slik at du kan tilrettelegge for at dei rundt deg får så gode opplevingar og arbeidsvilkår som mogleg, og for at samarbeidspartnarane våre får den oppfølginga dei fortener.
SCO_MON_BYGDINFJELLTUR_270420182200.jpg
Praktiske greier Valdresekspressen og Øst-Vestekspressen stoggar rett utanfor kontordøra vår, men av praktiske omsyn må du ha førarprov og disponere eigen bil – sjølv om me gjerne ser at du nyttar kollektivtransport i jobben så ofte som mogleg.
Harde fakta

Søknad og vilkår

Snowshoeing in Rondane.jpg
83AB4580 DB33 407E 909D 79EC5422FE8F 1 100 O

Me tilbyr ein arbeidskvardag som består av kontrollert kaos og masse meiningsfylte oppgåver for deg som brenn for eit bærekraftig reiseliv i fjellheimen. 

Løn og vilkår Løn og øvrige vilkår blir me samde om i løpet av tilsetjingsprosessen. Mountains of Norway har base på Kontorfellesskapet 1724 i fjellbygda Vang i Valdres, i lag med fleire andre fjellbaserte gründerbedrifter. 

Søknadsfrist og tilsetjing Stillinga er fast (100%). Søknad med relevante vedlegg sendast til post@mountainsofnorway.com. Frist: 1. september. Eventuelle spørsmål kan rettast til dagleg leiar (sjå lengre ned). Tilsetjing etter nærmare avtale i løpet av hausten.

Kontaktperson

Glenn Roar Berge (1)

Glenn Roar is responsible for the sales of our summer based products, and the first point of contact for tour operators.

Glenn Roar Berge (1)
CEO & Sales Manager Summer +47 901 54 418
Send e-mail