Menu
Fast stilling

Dagleg leiar

Vil du leie utviklinga av framtidas fjellturisme?

Mountains of Norway er eit samarbeid mellom Nasjonalparkriket og Visit Valdres. Vår jobb er å styrke opplevingsturismen i fjellheimen på vegne av medlemmane våre, gjennom å utvikle og selje fjellopplevingar til internasjonale turoperatørar som sender framtidas aktive gjester til fjells. Vi jobbar på vegne av heile verdikjeda i reiselivet, og Tyskland, Sveits, Austerrike, Nederland, Belgia, Sverige og England er våre primærmarknader. 

Kontaktperson
Skabuhotell_DSC2119_7_web.jpg
KayakingÅrdal

Om stillinga

1.Kort oppsummert

I rolla som Dagleg leiar er du hovudansvarleg for å leie og utvikle Mountains of Norway SA.

2.Rapportering til styret

I Mountains of Norway jobber dagleg leiar saman med styret om dei større sakene

3.Marknadsutvikling

Ein stor del av jobben handlar om å skape interesse for fjellregionen, og sørge for at turoperatørane blir kjent med alle moglegheitene i fjella våre. 

4.Visningsturar

Visningsturar er eit avgjerande tiltak for å utløyse sal. 

5.Møter, messer og workshops

Salsutløysande kunnskap haustast ofte over ein kopp kaffi. Du må difor pårekne noko reising for å møte turoperatørane på deira heimebane, sjølv om mykje av jobben gjerast over nett.

6.Medlemspleie og rådgjeving

I arbeidet med turoperatørar får du eit unikt innblikk i kva som rører seg ute i marknadane, og denne kunnskapen nyttar og deler du til det beste for medlemmane.

7.Samlingar for medlemmane

Mountains of Norway er og eit fellesskap for medlemmane, to gånger i året har Mountains of Norway samlingar for dei.

8.Strategi

Marknaden og våre medlemmar er heile tida i endring - dagleg leiar er hovudansvarleg for strategiarbeidet med hjelp frå styret.

9.Personalleiing

For tida er det berre ein stilling i Mountains of Norway - ved fleire tilsetjingar vil dagleg leiar ha personalansvar.

10.Samarbeid

Mountains of Norway samarbeider med B2B avdelinga til Visit Norway og andre destinasjonsselskap

Kven er du?
1000
Bakgrunn og utdanning Du er utdanna og/eller har relevant erfaring innanfor reiseliv, sal eller kommunikasjon og marknadsføring. Du pratar og skriv både norsk og engelsk utan problem, uansett om det er detaljerte turbeskrivingar eller joviale funfacts du skal servere. Andre språk er ein bonus, men ikkje avgjerande.
untitled-152.jpg
Personlege eigenskapar Fyrste bod er at du er oppriktig glad i fjellet, men du bør trivast (nesten) like godt på tynn is som på solid grunnfjell. Du er flink til å systematisere, planlegge og vera eit steg i forvegen, slik at du kan tilrettelegge for at dei rundt deg får så gode opplevingar og arbeidsvilkår som mogleg, og for at samarbeidspartnarane våre får den oppfølginga dei fortener.
SCO_MON_BYGDINFJELLTUR_270420182200.jpg
Praktiske greier Valdresekspressen og Øst-Vestekspressen stoggar rett utanfor kontordøra vår, men av praktiske omsyn må du ha førarprov og disponere eigen bil – sjølv om me gjerne ser at du nyttar kollektivtransport i jobben så ofte som mogleg.
Harde fakta

Søknad og vilkår

Snowshoeing in Rondane.jpg
Mjølkerampe at Mjølkevegen.jpg

Me tilbyr ein arbeidskvardag som består av kontrollert kaos og masse meiningsfylte oppgåver for deg som brenn for eit bærekraftig reiseliv i fjellheimen. 

Løn og vilkår Løn og øvrige vilkår blir me samde om i løpet av tilsetjingsprosessen. Mountains of Norway har base på Kontorfellesskapet 1724 i fjellbygda Vang i Valdres, i lag med fleire andre fjellbaserte gründerbedrifter. For den rette kandidaten kan det alternativt tilretteleggjast for kontorplass på Fagernes eller Otta.

Søknadsfrist og tilsetjing Stillinga er eit fast. Søknad med relevante vedlegg sendast seinast fredag 19. januar til post@mountainsofnorway.com. Eventuelle spørsmål kan rettast til dagleg leiar (sjå lengre ned). Tilsetjing etter nærmare avtale i løpet av vinteren/våren.

Kontaktperson

Glenn Roar Berge

Glenn er fjellseljar og dagleg leiar for Mountains of Norway.

Glenn Roar Berge
Fjellseljar & dagleg leiar +47 901 54 418
Send e-mail